topp_1.jpg

 Startsiden >> Nyheitsartiklar >> Engasjerande og lærerikt forfattarbesøkPrint
  Startsiden
  Informasjon
  Arbeidsplaner
  Itslearning
  Aktiv Bedrift
  Foreldresamarbeid
Mine snarveier
Ingen snarveier er opprettet!
Rediger



Engasjerande og lærerikt forfattarbesøk
Legg til mine snarveierTips en venn
Forfattaren Ingelin Røssland og skodespelaren Andreas Holt sto sist tysdag for eit spanande og utradisjonelt forfattarbesøk, med forestillinga Psykt! Psprengt!


I staden for berre opplesing frå ei bok (vi fekk det og) la dei to opp til eit artig og utradisjonelt skodespel om det å vere forfattar og alt det inneber. Skodespelaren Andreas Holt gjorde alt han kunne for å bli ein karakter i boka til Røssland - noko han ikkje heilt lukkast med. Innbakt i alt dette greidde dei to å formidle fleire smarte forteljartriks.
Frisk opplesing
Ingelin Røssland si opplesing frå boka si engasjerte dei femti åttandeklassingane. Spanande og morosam handling, og ikkje minst eit til tider svært friskt språk fall i god smak hjå svært lydhøyre tilskodarar.
Ei flott litteraturoppleving!

Gol ungdomsskule • 3550 Gol • Tlf: +47 32 029240 • Fax: +47 32029245 • E-post: gol.ungdomsskule@gol.kommune.no

  Powered by Optima Publish™ from Optima Partner AS